tydalstur
Eg kom opp fredag ettermiddag med bilen full av skuterklede og isfiskeutstyr,
. Då eg kom fram, bar det i butikken for å proviantere:
pølse (20 stk)
pølsebrød (12 stk)
marsipanegg
maggot
ulike taco-ingredingsar.
pils
Så gjekk turen ned til Storekra (Stor-ekra, ikkje Store-kra) kor vi meska oss med taco og drøymde om dei store fiskane vi skulle ta i morgon. Det vart så eit lengre ordskifte om kor tid vi skulle fara, men vi vart til slutt einige om vi skulle stå opp kl. 8
Det gjekk overraskande greitt å vakne så tidleg, eg var beint fram morgonfrisk
Sola skein frå blå himmel og det såg ut til å bli ein framifrå dag i fjellet. Skuterføret var ypperleg og snart var vi på plass ved Mulen og hadde sluk og mormyska i vatnet.

