fisk
Eg gler meg slik til fisketurane at eg vurderer sterkt å skaffe meg isfiskeutstyr, men det passerer fort tusenlappen, så når ein går delvis arbeidsledig så er det ikkje så aktuelt. Like mykje fristar det å kjøpe sjøfiskestong. Det er ikkje like sjarmerande som ferskvannsfiske, men det går det i det minste an å bruke heile året. Dessuten er eg litt skeptisk til diverse miljøgifter og anna snacks som Trondheim by slepp ut i fjorden sjølv om det er mange som fiskar her. Jaja, får ta det på sikt. Det er ferskvannsfiske som fristar mest, og eg får vente til våren har gjort sitt før eg fuktar snøret. Satsar på å få til ein helgetur til eit område som er litt meir villmark enn
Estenstaddammen.

